"Veggen" utgis på CD

Dato: 24.08.2011

Forestillingen "Veggen" fikk strålende mottagelse av kritikere og publikum etter premieren under Festspillene i vår. 31.08 kommer CD med musikken fra forestillingen!

Fra Hordaland Teaters pressebrev: 

”VEGGEN” :  No også på CD! 

Hordaland Teater og Yellow Ball Music er stolte av å presentere musikken frå teaterframsyninga ”VEGGEN”. Musikken er skriven av Karoline Krüger,  som framfører den saman med Eline Sundal (cello),  Are Ovesen (trompet),  Ivar Thormoddsæther (perkusjon) og Jostein Stalheim (accordion). 

”Veggen” er ei musikalsk og magisk teaterfabulering for barn i alle aldre, ei rekke med forteljinger som alle springer utfra noko som skiljer eller beskytter: ein vegg.  Framsyninga hadde urpremiere under Festspillene i Bergen i 2011 og fekk då glimrande kritikkar: 

Aftenposten: "Veggen er et forbilledlig eksempel hva teater for barn kan og bør være" 
Bergens Tidende: "Vakkert om det som skiller"
Bergensavisen: "Medrivende og stemningsskapende musikk"

Vedlagt følgjer CDen . Vi håpar den vert anmeldt.

”Veggen” vert spelt igjen frå laurd. 3.september kl. 13 og 15 på Logen teater i Bergen.
Deretter vert det turné i Hordaland. Det er og interesse for å spele framsyninga internasjonalt.

Ved ønske om intervjuavtale el. liknande i samband med utgjevinga, ta kontakt med underteikna!

Med vennleg helsing

Irene Smørdal

sals- og informasjonssjef

Hordaland Teater - tlf 55 222020/ mob 906 82920/ irene@hordalandteater.no